startsida | ivar@ivarvatne.com

VOSS TAIJIQUAN LAG / YIQUAN VOSS

IKKJE TRENING I VINTERFERIEN

Det vert ikkje trening i skulane sin vinterferie. Neste trening vert såleis måndag 27. februar. I mellomtida kan me trena litt ekstra heime.

ÅRSMØTET VART HELDE MÅNDAG 13. FEBRUAR

Årsmøtet samla 14 aktive medlemmer, som godkjende rekneskap og årsmelding for 2011, og gjenvalde styret.

TRENINGTIDER VÅREN 2012

Dei ordinære treningstidene er:

  • måndagar kl 18:30 - 20:00
  • torsdagar kl 18:30 - 20:00

Det er for tida trening med instruksjon for nye deltakarar frå kl 18:00 begge dagane.

Trening i festsalen på gymnaset Trening ute

Treningane er i Voss gymnas sin festsal i fjerde høgda. I skulen sin sommarferie og elles når veret er godt trener me ute.

Les meir under Trening og undervisning.

YIN/YANG-SMYKKE

Heidi Florhaug opplyser at det er nokre eksemplar igjen av taiji-smykket ho laga i sylv og bronse for ei tid sidan. Det kan kjøpast på www.epla.no.

AKTIVITETSTILBOD

Me gjev gratis demonstrasjonar på arbeidsplassar og skular, med høve til å prøva nokre av øvingane våre. Kontakt Ivar Vatne for informasjon.

Pause i plandagen
Her lærer ein av dei kommunale etatane på Voss to frittståande qigongøvingar under ein pause i plandagen sin våren 2010.

startsida | ivar@ivarvatne.com