|
startsida | ivar@ivarvatne.com
1998-2000 | 2001-2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 I CH'UAN-LAGET 1998-2000DEI FYRSTE ÅRAI mai 1998 vart det halde kurs i i ch'uan og t'ai chi på Voss. Arrangør var I Ch'uan-instituttet i Bergen. Erik Hermanrud introduserte i ch'uan, som var nytt for dei fleste, og t'ai chi, som mange kjende til frå før, mellom anna gjennom kurs som Knut Jørgen Holck, den gong rektor på folkehøgskulen, hadde halde på Voss. Somme av dei som hadde prøvd seg då, møtte nå opp her. Frammøtet var godt, og det var ynskje om ei oppfylgjing av kurset. Hausten 1998 vart I Ch'uan Laget på Voss danna, i samarbeid med Erik Hermanrud. Initiativtakarar var Ivar Vatne og Gunvor Bråten. Dei reiste fram til våren 1999 til Bergen på trening i I Ch'uan-instituttet og seminar med instituttet sin lærar, Jesse Quinones. Hermanrud kom til Voss for å undervisa, og Ivar Vatne leia treninga i laget mellom besøka. Våren 1999 førde endringar i organiseringa i Bergen til at Hermanrud forlet I Ch'uan instituttet. Laget på Voss heldt fram i samarbeid med Hermanrud ei tid før treninga av ulike grunnar vart stansa. Interessa for å halda fram var likevel til stade, og i 2001 vart laget starta opp at med nytt namn.
|